• Photo: A. B. Wilse. (Opphavsrett)
  • Photo: Tore Bjørgo (Opphavsrett)

Agastølen

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Gamal støl

Agastølen i Bjoreidalen er eit gammalt stølsbol; kan henda er utgangspunktet her ei steinbu i samband med eit driftelæger. Ei av dei gamle slepa gjekk her, men det er først på 1800-talet at denne langstølen vart bygd ut med mange hus. I andre halvdel av 1800-talet vart stølen seld til Knut Aga og vart då heitande Agastølen. Truleg er det han som har bygt ut anlegget slik det er i dag: eitt sel med skut og grue, eit anna sel utan eldstad, ei oste-bu, ei mjølkebu, eit ystehvis og ein flor. 

Heimestøl og sommarstøl

For å nytta utmarksareala maksimalt hadde gardane i fjordbygdene fleire stølar, i ulik avstand frå heimebøen. Heimestølane var vår- og hauststølar. Desse låg så nær garden at budeia kunne gå heim med mjølka. På langstølane, sommarstølane, budde budeiene i 10-12 veker om sommaren. Her kinna dei smør og ysta ost. Ystinga kravde store mengder brensel, og mange stølar vart flytte etter kvart som skogen vart uthoggen. På stølen vart det òg hausta vinterfór til dyra. Stølsdrifta, med beiting, vedhogst og fórsanking har påverka kulturlandskapet i fjellet. 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to