• Photo: Kjersti Vevatne (Opphavsrett)
  • Photo: Kjersti Vevatne (Opphavsrett)
  • Photo: Kjersti Vevatne (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Katrine Sivertsen (Opphavsrett)

Geithidleren på Årsand

Bergmåleri

Eit strålekransa solbilete dominerer, komposisjonen i bergmålinga på Årsand, med sentral plassering på berget. Her er hjulkrossar, sirklar, trekantar, firkantar, krossar og punkt, men òg mønster som ikkje lenger gjev meining. Vi ser fleire sterkt stiliserte menneskefigurar. Ein liten mannsfigur tykkjest ha strålekrans kring hovudet. Nokre stader synest menneskefigurane vera framstilte parvis.

3000 år gamal kultplass?

Somme av motiva kjenner vi att frå bronsealderens bergkunst, og dei fleste fagfolk som har granska bergmålinga på Årsand, meiner ho bør daterast til denne tidbolken. Spør ein om meininga med figurane, vert ein svar skuldig. Mykje talar for at helleren ein gong i tida, kanskje for 3000 år sidan, har vore ein heilagdom for gudsdyrking, tilbeding og kulthandlingar. Dei merkelege figurane må ha hatt sin plass i ein kult der sol og grøderikdom har vore sentrale element.

Share to