• Photo: Anders P. Wallevik (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Anders Wallevik – fotograf og jakteskipper

Auge for særdag og mennesketypar

Anders P. Wallevik dreiv fraktefart, segla på Nord-Noreg og til Austersjøen og kom i kontakt med mange menneske. Det gav han nok eit auga både for særdrag og mennesketypar. Fotografering kom han bort i som ung, då han arbeidde på Brakanes hotel i Ulvik. Han hadde evner for faget og vart snart ein dyktig fotograf. Dei fleste bileta etter han er frå perioden 1905-35, men det var først gjennom studieopphald i Tyskland i 1918-20 at han fekk undervisning. Han tok gullmedalje på ei fotoutstilling i Tyskland i 1920-åra.

Velkomponerte og sylskarpe bilete

Med det enkle, nesten primitive utstyret han måtte hjelpa seg med, er det mest utruleg at han oppnådde slik kvalitet på bileta; velkomponerte og sylskarpe. Atelier hadde han ikkje, og han vart ein meister i å nytta den bakgrunnen som baud seg. Til mørkerom nytta han gamlestova på garden. Elektrisiteten kom ikkje til Vallaviki før i 1958, og mørkeromslampa var difor ei parafinlampe med raudtfarga glaskolbe. Men den gong som no: det er personen bak utstyret som avgjer kvaliteten.

Share to