• (Opphavsrett)

Miksmasteren til gome

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Den første leika med batteri som gome, Gyro Åkre, hadde, fekk ho jola 1960 av foreldra sine. Då var ho 10 år. Treet var pynta, og det lukta nepespa i stova. Dei få pakkene som låg under treet, måtte gome riste og kjenne på. Spesielt spennande var ei firkanta, hard pakke. Då ho endeleg fekk lov til å opne ho, vart ho veldig glad. Tenk, ein blå, fin miksmaster med kvit bolle! Han var til og med batteridriven. Vispane kunne svive rundt, og det lyste i ei lampe på toppen. Han var stor nok til å vispe eit egg. Foreldra hennes hadde kjøpt han i butikken til Sverre Lund i Valle. Miks¬masteren var laga i Japan.

Då gome var lita, var det ikkje mange kjøpeleiker. Gome minnest gamlegome sauma og strikka ei stor dokke. Dokka var omlag 40 cm lang, og gamlegome fylte ho med halm. Ho sauma ein raud, fin kjole og laga hår av gult garn med raud sløyfe til. Ho hadde dokka i mange år. Seinare fekk ho ei Anne-dokke som kunne sove og som hadde langt krøllete hår.

Det var veldig stas med desse dokkene. Likevel kan ho ikkje finne att verken halmdokka eller Anne-dokka i dag. Men miksmasteren passar ho godt på, og minnest med glede all eggedosisen ho har vispa og ete. - Tenk at den sviv enno, seier gome.
Kjelde: Lund, Gyro Åkre; intervju; 06.10.2009
 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to