• Photo: Statkrafts bildearkiv (Opphavsrett)
  • Photo: privat (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Statkrafts bildearkiv (Opphavsrett)
  • Photo: Statkrafts bildearkiv (Opphavsrett)
  • Photo: Statkrafts bildearkiv (Opphavsrett)

Tokkeanlegget

Scania Vabis og Volvo

Begge onklane mine og bestefar jobba på  "anlegget".  Dei kjøpte store lastebilar - Scania Vabis og Volvo. Med desse køyrde dei masse ut av tunnellane og bygde demningar. Songa, Kjela, Bordal og Bitdal var stader vi ungane høyrde om. Ein sundag bad bestefar oss til Songa for å sja på demningen som var i ferd med å bli bygd. Kva eg hugsar av det? Ein enorm demning og dårlege anleggsvegar på kryss og tvers. Her skumpa dei seg fram - køyrde masse og stein. Lange vakter og slitne kroppar. Stundom var det "nære på"... Det snakka ein ikkje så mykje om.

Bygge landet

Det var i 1956 at eit einstemmig Storting bestemte at Tokkevassdraget skulle byggjast ut. Landet hadde stort behov for kraft. Den første kraftstasjonen vart opna av sjølvaste statsminister Gerhardsen i 1961. Da heile Tokke-utbygginga var ferdig var det Nord-Europas største kraftverk.

Befolkningsauke og velstand

Anlegget skapte arbeidsplassar og velstand i ein heller fattig kommune. Gards- og skogsdrift hadde vore dei viktigaste inntektskjeldene. Nå vart det lønnsarbeid og pengar i kassa for mange. Det kom også familiar flyttande frå heile landet. På Dalen vart det bygd mange hus for dei nye innbyggarane. I Lårdal vart det ikkje bygd så mykje nytt, men hus som hadde stått tomme i årevis fekk nye leigebuarar.

Naturvern?

Anlegget førte med seg endringar i naturen. Ikkje alle var like glade for det. Men dette var før naturvernaktivistane si tid. Stort sett var dei fleste nøgde med at velstanden kom til bygdene.

Vil du vite meir?

Til 50-årsjubileet i 2006 kom det ut ei bok: "Ljos og kraft til alle heimar" av Ragnar Lurås.  "Med vatn bygde dei landet - Tokkekraft gjennom 50 år"  er filmen som vart laga til det same jubileet. Dessutan har videoarkivet ein opplysningsfilm om den første Tokkeutbygginga: http://www.videoarkivet.no/index.php

 

1 comment

  • Dette er ikkje nokon Scania Vabis det er ein Volvo Bamse 375

Share to