• Photo: Klaus Høiland (Opphavsrett)
  • Photo: Klaus Høiland (Opphavsrett)

Raud jonsokblom (Silene dioica)

Nellikfamilien. Store raude blomar. Kronblada delt i to øvst. Begerblada er samanvakse til ein pose under kronblada.

Rød jonsokblom veks også i låglandet, men han kan gå høgt til fjells. Då finn me han i vierbeltet, gjerne der det er litt fuktig og næringsrikt. Derfor finn me han ofte i veggrøfter og -kantar. Her pyntar han opp, særleg fordi han ofte veks på stadar som kan vere rota til med kvist og kvast, eller etterlatne ting etter jernbana. Langs Rallarvegen er han vanleg mange stadar, og han lyser opp med sine store raude blomar, som ofte kan variere frå nesten kvitt, rosa, raudt til raudlilla. Det finst eigne ho- og hannplantar. Den greiaste forskjellen er at hoplanta har eit oppblåst beger under krona, mens begeret hos hannplanta er smalt.

Det norske namnet kjem av at planta blomstrar rundt sankthans eller jonsok. Men dette gjeld ikkje langs Rallarvegen, der han normalt kjem ein halv til ein månad seinare. Skal du plukka deg ein bukett fine blomar langs Rallarvegen, vel raud jonsokblom. Han er vakker og vanleg, og du risikerer ikkje å plukka noko sjeldan som du ikkje skulle ha plukka!

Share to