• Photo: Wikipedia (Opphavsrett)

Blåstrupe

Ein av fuglane du kan sjå langs Rallarvegen er Blåstrupa.

Blåstrupen sitt intense blå bryst gjer denne fuglen til ein av fjellets verkelege juvelar. Ikkje berre er han fin å sjå til, songen er også nydeleg og det er ikkje utan grunn at han også vert kalla fjellets nattergal. Songen er variert og har innslag av imitasjonar frå andre fugleartar. Langs Rallarvegen finst blåstrupen i vierkratt over bjørkebeltet. I sørhellingane aust for 1222 på Finse er det gode mogelegheiter for å kunne sjå denne fuglen i juni og juli.

Blåstrupen kjem til hekkeplassane på fjellet i slutten av mai. Den mest intense songperioden er på denne tida, medan mogelegheita for å høyre songen minkar utover i juni. Reiret er godt skjult og vert som oftast lagt i eit tett vierkratt. Når ungane klekker i juni–juli vert ein ofte oppmerksam på dei vaksne fuglane når ein hører varsellyden «tækk tækk». Då sit dei vaksne fuglane ofte på toppen av ein vierbusk med nebbet fullt av stankelbeinlarvar som dei vil levera til svoltne ungar så raskt som mogeleg.

Overvintringsområdet til blåstrupen er mest truleg i India og/eller Pakistan. Attfunn av ringmerka fuglar merka i fjellområda i Noreg viser at mange drar austover til Sverige etter hekkesesongen. Det er truleg at fuglane rastar i Sverige før dei drar vidare sørover.
 

Share to