• Photo: Carl Gustav Normann. (Opphavsrett)
  • Photo: Carl Gustav Normann. Postkort. (Opphavsrett)

Køyrevegen gjennom Måbødalen

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Slit og tolmod

Vegarbeidarane kom stort sett frå dei kringliggande bygdene. Særleg frå Røldalsområdet, der ein hadde erfaring med vegbygging frå anlegga over Haukeli og Seljestad frå slutten av 1800-talet. I det bratte Storegjelet blei vegen lagt i snirklete hårnålssvingar, og må verkeleg ha kravd både kløkt, slit og tolmod. På ein nabb yst i gjelet finn vi framleis restane etter anleggssmia frå vegarbeidet. Nedanfor smia, ved elva Bjoreio, låg arbeidarane sine bustader. Her var det ly for eventuelle ras i området, tilgang på reint vatn og den eldste ferdselsvegen i dalen passerte like ved.

Tidleg ferdsel

For køyrevegen i Måbødalen er langt frå den einaste vegen her. Allereie på 1500-talet fanst det vegar opp gjennom dalen. Men det var inga enkel sak å kome seg opp. Bruer fanst ikkje før kring 1780 og stigingane kunne vere ganske kraftige – så vegen blei nok mest nytta til lokal trafikk. I slutten av 1780-åra blei det bygd ein kløvveg, «Måbøgaldane», på pliktarbeid etter offentleg oppdrag, opp Måbøberget. Det siste stykket, frå der vegen tek av frå Bjoreio, svingar den oppover og skal til saman ha 1500 trappetrinn før ein når toppen! På starten av 1800-talet kom enno ein ny veg. Den gjekk lenger inn i dalen enn «Måbøgaldane», nesten heilt inn til Vøringfossen. Då turismen kom til Noreg i siste halvdel av 1800-talet, blei det trong for å lage ein tilgang til fossen. Den Norske Turistforeningen bygde difor i åra 1870-72 ein veg, «Turistvegen», frå Måbø gard og inn til foten av fossen.

Riksveg 7 

Etter at køyrevegen stod ferdig opp til Fossli i 1916, drygde det enno 12 år før det første køyrande vegsambandet mellom Aust- og Vestlandet , over Vidda og Måbødalen, opna. Sidan har trafikkmengda berre auka og auka, og forbetringar av vegen blei etter kvart naudsynte. Ein ny trasé gjennom Måbødalen blei difor laga, og stod ferdig i 1986. Denne nye Riksveg 7 går gjennom 4 tunnelar, og avløyser dei mange hårnålsvingane frå byrjinga av hundreåret.

Men den gamle køyrevegen vert framleis halden open for turistar. Ikkje for biltrafikk, men syklistar og gåande må gjerne ta turen. Det imponerande veganlegget, eit verdig monument over den ypperste vegbyggingskunsten på 1800-talet, inngår no i Måbødalen Kulturlandskapsmuseum, der besøkstalet i 1991 berre blei overgått av Trollstigen og Holmenkollen! 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to