• Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Måleri av Torkel Sigvald Espelid (1895-1981) (Opphavsrett)

Gammalt kulturlandskap i Dalabygda i Åsane

Postvegen

Den trondhjemske postvegen, som no er mykje nytta som turveg, går opp frå botnen av Dalabygda og over Rimmaskaret til Sætre (sjå eigen artikkel). I 1840-åra vart postvegen forbetra med ei trapesforma utkragebru over Dalaelva i Mellingen. Denne brua er restaurert i seinare tid.

Eldre hus

Ein opprinneleg gard som omfatta heile Dalabygda, har truleg ein gong i jernalderen blitt delt i to om lag jamstore delar, Mellingen og Espelid. Seinare er så Vesterlid skild ut frå Mellingen. Vesterlid er nemnt på ei vokstavle frå kring 1300, så den siste utskiljinga må ha skjedd før den tid. På gardane i Dalabygda finst fleire våningshus med delar som går attende til 1700- og første del av 1800-talet, forutan utløer, sommarfjøs, kvernhus og steingardar. Noko av dette framstår i dag som ruinar, medan andre bygningar er restaurerte.

Demning 

Brukarane på Mellingen og Espelid gjekk saman om å byggja demning i Dalaelva for å sikra vasstilførsel til kvernhusa. Stemmegarden er 23 meter lang og opptil 2,3 meter høg. Truleg skriv han seg frå 1800-talet. Jordbruket blei trappa ned i siste halvdel av 1900-talet, men gardane i Dalabygda vert framleis slått og haldne i hevd.

Prøveskjerping etter nikkel

På Espelid finst det fleire stader spor etter malmleiting. I 1860-åra var det prøvedrift på nikkelutvinning. Fire menn, mellom dei Karl O. Espelid, fekk i 1917 rett til skjerping i Espelid si utmark. Ein arbeidsstyrke på 5-6 mann vart sett i sving. Det skal ha vore svovelkis dei søkte etter. Eit stort krater ved stien bort til Teigland vitnar om aktiviteten. Prøveskjerping føregjekk også i området opp mot Rimmaskaret. Drivverdige funn kom ikkje for dagen, og prosjektet opphøyrde i 1919.

Share to