• Photo: Måleri av Amaldus Nielsen 1860, foto Ann Steindal. (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Aud Karin Skagen (Opphavsrett)

Fjell kommune

Skipreider og kyrkjesokn

Ser vi på tilhøva på 1600-talet, var heile Sotra ei eiga skipreide, medrekna øyane Bildøy og Bjorøy, medan derimot Lerøy og Bjelkarøy høyrde til Skjold skipreide. To kyrkjesokner har det vore sidan mellomalderen, og for å forstå dei administrative inndelingane i nyare tid, må vi ta utgangspunkt i den geistlege administrasjonen. Fjell sokn høyrde under Sund prestegjeld før Fjell prestegjeld vart skipa frå 1813, med Askøy (Strusshamn) sokn som anneks. Seks år seinare vart Fjell mellombels atter lagt under Sund i påvente av kjøp av prestegard i Fjell. Det skjedde i 1841 og dermed vart Fjell prestegjeld med Askøy som anneks skipa på ny. Tretti år seinare vart så Askøy eige prestegjeld.

Stadnamn i Fjell

Fjell, uttala Fjædle i målføret, er skrive undir Fjalle i gno. og tyder «garden under fjellet». Førsteleddet i Bildøyna inneheld gno. bilda «bile, øks». Syltøyna er laga til ei avleiing av eldre sult «blautlende, myr», i slekt med dei moderne orda sylte og salt. Hit høyrer òg Sylta i Radøy.

Knarrvika inneheld gno. knorr «handelskip». Møvik er ei dialektform av Midvik, namngjeve ut frå lægjet mellom Nordvika og Skålvika. Løno heng saman med gno. lón «stilt vatn», her helst om kilen som skjer seg inn i øya. Landro tyder «landrydningen». Misje har vore tolka av gno. Miðsjóva «øya midt mellom sjøen og fjorden». Det skulle sikta til at Misje ligg mellom Sotra og Toftøyna i seglleia frå Hjeltefjorden til sjøen utanfor. Turøyni inneheld mogeleg eldre Túðr- «fangst(øya)» og er i så fall i slekt med sisteleddet i Santor.

Share to