• (Opphavsrett)

Bruknappen

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Kjøpmenn og offiserar

Første gongen vi høyrer om denne gjestgjevarstaden, er i 1646. Bergenske kjøpmenn med utanlandske namn som Hunnechen og Cramer har vore eigarar, og mellom 1745 og 1780 var det fleire offiserar som åtte Bruknappen. Truleg heng dette saman med at ekserserplassen for denne delen av Nordhordland var på Lygra.

Dramatisk hending

I Hunnechen si tid gjekk det føre seg ei dramatisk hending ved Bruknappen. Eit tingvitne på tinget i Kvamsvågen 13. mai 1721 fortel om det. Ei nordfjordjekt var komen inn på hamna i Bruknappen. Utanom jektefolka var det ein sersjant og nokre soldatar med fartøyet. Som vitne fortalde Abel Feste at ein av jektefolka var komen til han og bad om hjelp til å sokna etter ein soldat som var komen bort. Første dagen etter fann dei soldaten ved Bruknappen på 14 famnars djup. Han hadde eit djupt hogg i den eine armen.

Brannar og gjenoppbygging

Bygningane i Bruknappen brann kring 1870, og det kom opp ny hovudbygning like etter, truleg i same stil som den gamle, i halvvalm med flatark og empire-prega vindaugo. Tidlegare låg det eit bakeri bak hovudhuset, og litt lenger unna ligg ein potetkjellar og ei løe som høyrer til bruket. Gjennom verneplanen for dei gamle handels- og gjestgjevarstadene vart Bruknappen restaurert tidleg i 1970-åra, men hovudbygningen brann på ny i 1978 og vart nok ein gong bygd opp att. Utvendig er den nye bygningen ein kopi av den gamle, sett i god stand som overnattingsstad.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to