• (Opphavsrett)

Munnharpa til far min

Det er veldig få munnharpespelarar her i landet. Far min, Kjetil C. Jore, er ein av dei. Den første munnharpa han fekk har betydd mykje for han. Eg har skrive om denne munnharpa.
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Ei munnharpe er laga av ei fleksibel tunge av metall eller bambus, festa til ei ramme. Instrumentet var mykje brukt og laga på 1700-1800-talet. Interessa for munn¬harpe¬spel ebba noko ut på 1940-talet. Då far min fekk munnharpa, var det berre ein munnharpe¬smed att i Setesdal. Dette har heldigvis teke seg noko opp att.

Gofa hadde vore hjå munnharpespelaren og -smeden Knut G. Hovet og utført noko arbeid for han. Som takk for dette, ville han gje gofa ei munnharpe. Då far min var åtte år meinte gofa at han var gamal nok til å få ho. Dei fyrste slåttane far min lærte var Nils fiskar og Per Spelmann. Sidan har han spelt mykje på dette instrumentet.

Far min fortel: - Ein gong vart veska mi med munnharpa i påkøyrd av ein buss. Eg vart mest på gråten og frykta at munnharpa hadde blitt øydelagd. Eg hadde hatt ho heile livet mitt, spelt mange konsertar med ho og fått trampeklapp for kvar einaste. Til stor overrasking fann eg munnharpa like heil inne i instrumenteska. Eg måtte straks prøve ho, og fekk fram reine og klare tonar.

Etter dette har det byrja å kome nye munnharpesmedar, så no har far min handla seg nye munnharper. No har den første munnharpa til pappa fått heidersplassen heime i stova vår.
Kjelde: Jore, Kjetil Carolis; intervju; 10.10.2009

 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to