• (Opphavsrett)
  • Photo: John Arne Skjellevik (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Hjeltabåtane - stor byggjeverksemd på Tysnes

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Eksportvare frå Sunnhordland

Sunnhordland var nok ikkje det einaste bygdelaget som selde båtar til skottane, men hjeltabåtane (båtar til Hjaltland, det gamle norske namnet på Shetland) var ei viktig eksportvare for denne landsdelen. Mange av skotteskutene gjorde to turar for året. Tollistene frå tollstasjonen i Eldøyvågen på Stord (1590- 1754) fortel om denne handelen, men endå rikare opplysningar gjev skipslistene for Dundee i Skottland.

Prefabrikerte byggjesett

Eksporten av hjeltabåtar må ha halde seg utover heile 1600-talet. Av 52 nybygde båtar som vart selde i 1664, var 36 bygde i Tysnes. Dei båtane som vart skipa over Nordsjøen med skutene som kom for å lasta tømmer, var bygde slik at dei berre var hefta i hop med nokre få naglar og lett kunne takast frå kvarandre. Så vart dei merka og nummererte, del for del, og skipa inn som prefabrikerte byggesett - «og kand et lidet skibsrum vel indtage 70, 80, 100, ja 120 baade». På Shetland vart så båtane borda opp av fiskarane som skulle bruka dei.

Eksportnæring gjennom fleire hundre år

Denne båtbygginga heldt seg som eksportnæring gjennom fleire hundre år. Så seint som kring midten av 1800-talet vart det bygt hjeltabåtar på garden Tysnes, og gamle Sjur Tysnes (f. kring 1800) kunne minnast at det kom skip og lasta inn dei ferdige båtane ved «Prestabryggjo». Då eksporten av hjeltabåtar tok slutt fram på 1800-talet, slo tysnesingane seg på jektebygging, som hadde ein gullalder under det rike sildefisket.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to