• Photo: Otto Gunvaldsen (Opphavsrett)
  • Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)

Inspeksjon av snømengder ved Hallingskeid

Dette har vore ein av stadane med størst snømengder, og for å sleppa all snøryddinga på stasjonsområdet vart det etter kvart bygd inn med snøoverbygg i tre.
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Dei enorme snømengdene som møtte toga vinteren 1907–08 kom ikkje overraskande på ingeniørane og anleggsarbeidarane som hadde hatt dette som arbeidsplass i fleire år. Leiinga i NSB var jamvel overtydd om at dei nytilsette banevaktarane og snøryddingsutstyret skulle klara å halda linja open. Då ho var ferdig vart det tilsett folk etter ansiennitet og ikkje etter erfaring frå høgfjellet, og mange av dei fyrste banevaktarane hadde ikkje vore med på bygginga av bana. Difor var det mange av dei som ikkje visste kva snøtilhøve dei hadde hamna i då vinteren kom.

Det å vera god på ski var ein klar føremun, likeins å vera glad i å vera ute i all slags vêr. Ei av oppgåvene til banevaktarane vinterstid var å måla kor mykje snø som kom, og varsla om det var naudsynt med snørydding. Var linja stengd, kunne snøen fort liggja fleire meter høg før den vart rydda. Vinteren 1943 var bana stengd i 24 dagar, og fotografiet frå denne vinteren syner at snøen gjekk nesten opp til telefonleidningane her ved Hallingskeid.      

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to