• Photo: ukjend (Opphavsrett)

Hutsi Kutsi i Valldal!

Forteljarkveld i Valldal i Norddal kommune. Denne historia handlar om Aslaug Målfrid Moen Grønningsæter (1912-1981) også kalt Hutsi Kutsi. Historia er fortald av Jens

Aslaug eller Hutsi Kutsi er det monge historiar om og dette er nokre av dei. Aslaug var gift med Ivar Nygård (1903-1993). Ho vart gjerne kalla Hutsi-Kutsi, og dette skriv seg frå ein gong i ungdommen ho var på dans og ein kar frå Fjørå baud henne opp med å spørje: Kan du danse Hutsi-Kutsi? Og ho svarte ja og tok seg ein svingom med han, og etter den tid vart dette namnet hangande ved henne.

Fotoet viser Kristiangarden br.1 der Aslaug og Ivar Nygård budde. Vegen på fotoet var den gamle bygdevegen, men no går vegen lenger nede, til venstre på biletet. Steingarden er også forlengst borte. Vi ser røyk frå skorsteinen på garden til Ola Jakob Grønningsæter (Olagarden) til venstre. Personen ved døropninga er truleg Karl Johan Grønningsæter, f. 1885, onkel til Aslaug.

Share to