• (Opphavsrett)

Oscar Ahnfelt (1813 – 1882) – heile Norden sin åndelege trubadur

Han var fødd akkurat same år som dei to musikkgigantane Wagner og Verdi, var presteson frå ein liten tettstad Gullarp i Skåne og den yngste av tri brør (forfedrane var av ei gamal dansk adelslekt). I utgangspunktet var Oscar huga på å verta prest óg, men i nokso ung alder lærde han å spela gitar og vart med tida ein fullenda virtuos på dette instrumentet. (Ei stund hadde han dessutan interesse for instrumentmaking, - det er iallfall stadfesta i ymse kjeldor at kjennemerket hans, ein 10-strenga gitar, er konstruert av han sjølv. Vel, han hadde endå ein gitar – den sokalla «harpegitaren» laga av Otto Selling.)

Fyrst tok den unge Oscar teologistudie ved universitet i Lund (frå 1829), men etter kvart prioriterte han musikk i staden for teologi. I nokre år jobba han som «informator» og samstundes gav private gitartimar og heldt små konsertar. I 1840 braut han av teologistudia for godt og drog til hovudstaden for å lesa til musikkstudiet. Sidan vart musikken levebrødet hans resten av livet.

Det var sagt at i Stockholm kom han til ein djup åndeleg krise, etter å ha høyrd ein predikant som forkynna umvending. Då byrja Oscar sitt liv å handla um «å ha si glede i syndene», fram til at han ganske snart nådde eit nytt vendepunkt: Påskdagen 1841 fekk Oscar høyra på sjølve Carl Olof Rosenius si forkynning i Betlehemskyrkan i byen. (Nokre kjeldor seier at Oscar vart personleg kjend med Rosenius like før.) Møte med Rosenius resulterte i nærare samarbeid og venskap med honom. Det gjorde at Oscar endeleg fekk fred og fryd i hjarta, og frå den tida esla han seg å venda um og fylgja Gud med song og musikk. So, vart musikken hans ein slags middel for åndeleg rørsle. Inspirert av rosenianske vekkjingsidéer, byrja han ganske snart å reisa rundt for å syngja og preika. Med det sagt og gjort, vart han den nye vekkinga sin fremste trubadur.

Men dette var ikkje berre eit nytt og på monge vis kontroversielt fenomen i seg sjølv på den tida, det var heller ikkje berre positive tonar som klang i Ahnfelt sin nærleik. Etter den sokalla «konventikkelplakaten» frå 1700-talet (i Sverige frå 1726, i Noreg-Danmark frå 1741) var det ulovleg for alle slags lekpredikantar å ha slike gudelege samlingar, «konventiklar», utan godkjenning frå sokneprestar. (Og slik godkjenning kunne ein neppe få.) Den lova var i utgangspunktet eit forsøk frå staten si side på å knebla dei radikale pietistane (Oscar Ahnfelt kunne ogso kallast for pietist), som ikkje ville la seg binda av kyrkja sitt krav om einskap. (Med lova prøvde ein å ta vare på einskapen i statskyrkja.) Samkomene til Ahnfelt vekte svært stor merksemd i samfunnet, og då kom det fleire og fleire klager, og Ahnfelt var gong på gong meldt for illegale religiøse møte. Møta braut med læresetningane i dei offisielle gudstenester (brot på den lova kunne resultera i streng straff).

Det vart til og med sende eit klagemål til Kongen med von at han skulle forby Ahnfelt sin aktivitet. Men kong Carl XV (som sjølv aldri hadde høyrd Ahnfelt sin song før) ville ikkje ta noko avgjersle før at han kunne undersøkja den saka nærmare, - med andre ord, å danna seg si eiga uppfatning um den kontroversielle trubaduren. Derfor baud kongen Ahnfelt til audiens på slottet. Då bad Ahnfelt Lina Sandell um eit nytt songdikt for honom. Ho skreiv i all hast «Vem klappar så sakta i aftonens frid…» som i nynorsk umsetjing klang slik: «Kven bankar so varleg i kveldsstille fred». Og den songen med eigen melodi framførde Ahnfelt ved audiensen. Songen til Ahnfelt ganske trefte nok kongen rett inn i hans eigen situasjon. Det fortelst, iallfall, at kongen vart so djupt rørt av den songen. Og det einaste han gjorde, rakk han Ahnfelt handa og sagde med tåror i augo: «Du lyt syngja og spela so mykje du vil, i båe rika mine!». Og i 1858 vart konventikkelplakaten lagd bort i Sverige (i Danmark vart den lagd bort i 1839, i Noreg i 1842).

So, heldt Ahnfelt fram å syngja, spela, preika og skriva nesten til livet tok slutt. Han reiste rundt ikkje berre i Sverige, men etterkvart ogso i Noreg og Danmark. Alt i 1850 kom ut hans fyrste hefte av «Andeliga Sånger» med piano- og gitarakkompagnement på prent. I alt vart det tolv bind. Dette var gjort mogleg med tilskot frå verdskjende svenske songarinna Jenny Lind (samlinga er tileigna henne som populariserte mongee av Ahnfelt sine songar i Amerika og andre verdsdelar). Det siste heftet kom ut i 1877 – fem år før Ahnfelt døydde. Dessutan gav han ut «Ahnfelts Sånger» i fire bind (1859 – 1872) med melodiar av andre (m.m. ukjende) komponistar, eller tradisjonelle. Som det var sagt over, var Lina Sandell «hovuddiktforfattar» til Ahnfelt sine songar (C.O. Rosenius stend på neste plass).

Det var sagt at Ahnfelt jamnast bad Lina Sandell um å få nye songtekstar. Ho sagde halvspøkefullt i eit brev: «Når Ahnfelt er i Stockholm, er det ikkje fred å få». Monge av dei samtidige merkte seg ved Ahnfelt sin danna og vekkjande syngjemåte (det var ganske motstridande meiningar um sjølve stemmen hans), hans instrumenthersking (prost Johan Dillner frå Östervåla skreiv: «…han… trakterer [gitar] med en virtuositet som gjør han egnet til å la seg høre på offentlige konserter i Hovedstaden. I byene koster penger å få høre slikt… Her fikk man det gratis…».) og ikkje minst hans eigne songmelodiar i «angloamerikansk» stil (det var ogso veldig nytt på den tida). Han greidde i sjeldan grad å fanga tilhøyrarane sine. Diverre er røysta til Ahnfelt og spelinga hans tapte for alltid – fonograf var det ikkje funne upp på den tida… Men den namngjetne tistrenga gitaren til Ahnfelt lever framleis. Instrumentet er i veldig god stand trass i kjempehøg alder og hev vore brukt m.a. på Gävle Missionsförening sin 150-årsfest i 2005, etter ei upplysing på Ahnfelt sin 200-årsjubileumsblogg.

Oscar Ahnfelt var gift med forfattarinna Clara Ahnfelt, f. Strömberg (1819 – 1896). Meir um familielivet hans veit ein nesten ikkje. I 1879 laut Ahnfelt slutta sin meir enn 30-årige brennande kreative aktivitet – etter at helsa byrja å tapa seg. Han døydde 22. oktober 1882 – fire månader før sin jamnaldrande Richard Wagner – i Karlshamn i Blekinge. Der i Karlshamn er han gravlagd – i Hvilans kyrkjegard. Men Ahnfelt sine songar på båe Lina Sandell, C.O. Rosenius og andre sine dikt er levende, kjende og kjære i heile Norden fram til våre dagar. Nokre av dei er umsette til engelsk og andre språk og kjende i fleire verdsens land.

 

VIKTUGE KJELDOR

Cappelens musikkleksikon, bd. 1, Oslo 1978, s. 51.

Harling, Per. Blott en dag: Lina Sandell og hennes sanger. Oversatt av Ingvild Røsok. Verbum Forlag, 2004, s. 115 – 118.

Share to