Rognaldsvåg

Fiskeværet Rognaldsvåg

 

Av Trond Strømgren

 Rognaldsvåg som fiskevær er bygd opp på grunnlag av det rike sildefisket på 1800-talet og dei gode hamnetilhøva i området. I 1860 var Rognaldsvåg den største tettstaden på kysten av Sogn og Fjordane.

Gamal busetting

Rognaldsvåg er tettstaden på øya Reksta, heilt vest i Flora Kommune. Mot vest skil det smale Kinnasundet Rognaldsvåg frå øya Kinn. Det har truleg budd folk på Reksta i over 5000 år. Rognaldsvåg fekk etter kvart stor betydning på grunn av dei gode hamnetilhøva på staden, nærleiken til dei rike sildefiskeria og ei sentral plassering. I eldre tider var det sjøen som batt saman, og det smale Kinnasundet låg sentralt i høve til hovudleia langs kysten. Kinnasundet var derfor ein naturleg stad å stoppe for båtar som venta på lagleg vind eller skulle handle. På Kinn ligg dessutan den gamle Kinnakyrkja. Denne kyrkja har samla folk i over 950 år og har derfor indirekte vore noko av grunnlaget for handelsmenn og gjestgivarar i Rognaldsvågen og Kinnasundet. Men hovudgrunnen til at Rognaldsvåg vaks fram som ein relativt stor tettstad, var det rike sildefisket i området.

Rikt sildefiske

Dei fastbuande har til alle tider hausta av havet, og etterkvart vart det også vanleg at fjordabønder og fiskarar nord- og sørfrå kom til og fiska sild under vintersildfisket. Sildeinnsiget var meir eller mindre årvisst, og innsiget kom i frå slutten av desember og ut februar månad. Silda vart for det meste fanga med garn ute i havet vestafor Kinn eller innover mellom øyane, alt etter korleis innsiget var. Nokre brukte også landnot. I perioden frå 1808 og fram til 1873 var sildefisket årvisst. Etter 1850 vart fisket særs rikt og førte til kolossale fangstar dei neste 20 åra. Folketalet auka mykje under sildefisket, og i den mest aktive perioden steig folketalet frå dei vanlege 300 fastbuande til over 3000 i dei månadene sildefisket gjekk føre seg. Ganejenter og tilreisande fiskarar sov der det var plass i losjihus, lofta på salteria eller andre plassar det var mogeleg å huse folk. Ein av oppsynslegane skildrar det på dette viset: «Det er utrolig at se hvorledes den almindelige antagne rumbesparende Maade at nedlegge Sild paa, ogsaa lader sig praktisere paa levende, aandende Mennesker.»

Bygging av sjøhus og salteri

Dei fastbuande hadde naust og sjøbuer i Rognaldsvågen. Nausta var for robåtar og tilfar til desse. På sjøbuene vart fiskereiskap og bruk oppbevart, og arbeidet med fisken utført. Frå 1700-talet og framover sette også mange fjordabønder opp fiskarhus. Desse husa vart for det meste brukt under vinterfisket, og stod tomme resten av året. Fiskarhusa eller rorbuene som fjordabøndene bygde seg i Rognaldsvågen, var gjerne todelte. Mot sjøen var det ein del som fungerte som sjøbu, og opp mot land ein del som romma senger, bord og omn og vart brukt til bustad under fisket. Framover på 1800-talet vart det bygd fleire og fleire salteri i Rognaldsvågen. Dei første var små og bygde av lokale folk eller fjordabønder. Men etterkvart etablerte byborgarar, hovudsakleg frå Bergen og Stavanger, seg med større salteri. Salteria kunne vere retteleg store og ha opptil tre etasjar. I 1862 var det reigistrert 106 salteri på Reksta, 21 av desse eigd av byborgarar. Det er imidlertid grunn til å tru at mange salteri ikkje vart registrerte og at talet derfor er ein del større. Silda vart levert til salteria og så kverka og salta i tønner. Sia førte seglskuter sildetønnene til Bergen og Stavanger. Mykje av silda vart deretter eksportert til landa rundt Austersjøen. I starten var seglskutene hovudsakleg jekter, men seinare vart også jakter vanlege føringsfartøy. Det rike sildefisket varte fram til 1873, då silda brått forsvann frå området. Seinare kom silda berre sporadisk att med ulike mellomrom, og det var ikkje lenger trong for dei store salteria. Fleire av dei vart derfor selde og flytta til andre stader. Andre stod til forfall og ramla til slutt ned, mens nokre få framleis står att. Dei fleste sjøhusmurane finst framleis rundt om i våger og på berg, og vil i framtida bli ståande som minnesmerke om det rike sildefisket på 1800-talet.

Handel og skjenking

Det rike fisket og den faste busettinga gav grunnlag både for handelsmenn og gjestgivarar. Alt frå starten av 1700-talet er begge desse verksemdene registrerte i Rognaldsvåg. Det var ein del skjenking under fisket, men i høve til folkemengda som var til stades, var det ikkje mykje bråk og slåsting. Den landhandelen som er i drift i dag, vart starta opp i 1893 av Lyder Sunde. Han hadde handel i eit stort, gamalt hus, og dreiv også fiskemottak og trankokeri som ein del av verksemda. Det var dessutan bakeri i kjellaren på handelen. Varene kom i tønner, kassar og sekker, og vart selde i laus vekt over disken. På fiskemottaket nede på sjøbua vart fisken anten salta på, eller hengt opp på hjell til tørrfisk/stokkfisk. Noko av den salta torsken vart tørka på berga til klippfisk. Produksjon av stokkfisk og klippfisk heldt fram til seint på 1930-talet. Det var handel i dette svære gamle huset i 100 år, fram til 1993. Då bygde noverande handelsmann Hans-Jacob Sunde nye og moderne butikklokale nærare rutebåtkaia.

Moderne fiske

Etter at det rike sildefisket på 1800-talet tok slutt, gav motorisering av fiskebåtane nye mogelegheiter på starten av 1900-talet. Ein kunne no drive fiske over eit større område og med anna type reiskap. Fiskebåtane i Rognaldsvåg har jamleg vorte moderniserte i løpet av siste hundreåret, og dei fleste fiskarane har drive heimefiske med garn og line. I 1949 starta Sigvald Rognsøy opp fiskemottak. Seinare tok sonen Sigmund over drifta, og fram til 2003 tok han i mot fisk frå båtar som fangsta i området. Det meste av fisken vart levert vidare til Bergen. Dei seinare åra har mange av fiskarane i Rognaldsvåg teke hyre på større fiskebåtar og er borte delar av året.

Utvikling av folketalet

På Reksta har hovuddelen av folket dei siste 150 åra vore busett i Rognaldsvåg. I 1860 var Rognaldsvåg med sine 160 innbyggjarar den største tettstaden på kysten av Sogn og Fjordane. Talet på fastbuande auka også med det rike sildefisket på 1800-talet. Nedgangstider i fisket, mekanisering av fiskeflåten, betre kommunikasjonar og generell sentralisering i Noreg framover på 1960-talet påverka også Rognaldsvåg. Folketalet gjekk ein periode nedover. Dei seinare åra har imidlertid kurva snudd og folketalet er no rimeleg stabilt. Folk flyttar til Reksta og Rognaldsvåg att, og nye hus vert bygde. I dag bur det om lag 120 personar i øysamfunnet. Det er framleis mykje og lett tilgjengeleg tomteland på Reksta. Rutesambandet til Florø er bra, og standarden vert ytterlegare betra i løpet av 2007 med Flora kommune sin store satsing på infrastrukturen i øyane med nye kaier og rutebåtar.

 

«i den mest aktive perioden steig folketalet frå dei vanlege 300 fastbuande til over 3000»

«Produksjon av stokkfisk og klippfisk heldt fram til seint på 1930-talet»

(Artikkel frå Kinnaspelet sitt programhefte, 2007)

 

Share to