• Photo: Nils Georg Brekke (Opphavsrett)

Krotastova frå Li

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Vanleg skikk

Sjølve tradisjonen med å «krota» geometriske figurar på tømmeret i dei gamle stovene har nok ikkje vore sjeldsynt i samtida. Dette har vore ein vanleg skikk gjennom mange hundreår; å vaska og pynta stovene til bryllaups og til høgtider som jul og jonsok. Taket i dei sotsvarte røykstovene var kvita med ei kalkblanding av vatn og skjelsand eller kritt. Også veggtømmeret kunne få denne handsaminga, men det var vanlegare å pynta tømmerstokkane med geometriske bordar av figurar rita inn med kvit krittveilling – figurar henta frå motivrikdomen i åklevevinga.

Gamal tradisjon

Vi kjenner denne tradisjonen både frå Hardanger, Voss, Sunnhordland og Nordhordland, men denne stova på Sotra syner at tradisjonen nok har hatt større omfang og fleire mønstervariantar enn vi tidlegare har visst om. For figurane i stova på Lie fører tankane våre lenger bakover enn mellomalderen, utan at vi i dag kan våga å ha ei sikker meining om kor gammalt arvegods vi har å gjera med her.  

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to