• Photo: Hanna Kyte Assmann (Opphavsrett)

Genseren til pappa

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

 

Far min hadde budd to år i Noreg då genseren vart laga i 1983. Pappa var fascinert av norske strikkemønster, og saman med medstudent Sissel plukka han ut ei gammal oppskrift. Dette var på den tida pappa studerte på Statens lærarhøgskule i Blaker. Pappa reiste fire mil til Oslo og kjøpte Raumagarnet til genseren. Mønstret på genseren er eit vestlandsmønster i svart og kvitt. Sissel strikka resten av genseren grøn - yndlingsfargen til pappa. Difor vart den også yndlingsgenseren hans.

Kvifor genseren betyr så mykje for far min, fortel han sjølv: ”Det er eit minne frå ei god tid. Eg var aktiv på mange kreative felt, og norsk handverkskultur var eit eventyr.” Så fortel han vidare: ”Genseren var blitt ein del av meg sjølv. Eg tykkjer det er viktig å ta vare på kultur, og den gong tykte eg at nordmenn var flinke til det. Det er ei god form for nasjonalisme. Då genseren var ferdig, brukte eg han i alle samanhengar.”

Ein gong var det over for genseren. ”Eg jobba med noko trearbeid på jobben. Det eine ermet kom inn i ei høvelmaskin, og litt av genseren vart øydelagt.” Pappa var heldig at handa ikkje følgde med, for det kunne ha gått gale. No har genseren kome fram igjen etter om lag 20 år på loftet. Han legg til: ”Sjølv om genseren vart øydelagt og eg ikkje kunne bruke han meir, klarte eg ikkje å kaste han”.
 

Kjelder: Assmann, Ewald; intervju; 08.10.2009

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to