• Photo: Teikning av Sigmund Alsaker (Opphavsrett)

Hjartøy - eit fiskevær frå jernalderen

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Hustufter

Ved to små vågar vest på øya; nore og søre Hjartøyvågen, ligg det 36 hustufter og 9 båtstøer. Tuftene er overgrodde og lite synlege. Låge rullesteinsvegger har vore fundament for små trebygningar med golvflater jamt over på 15-25 m2; lagde nær sjøen på stader det er mogeleg å dra opp båtar.

Fjæremannsbuer?

Langs veggene innvendes fanst låge steinpakningar; truleg restar etter jordfaste benker, både for sitjande og liggjande. Midt på golvet var åren - eldstaden. Her laga dei mat, her fekk dei seg varme, og her kunne dei tørka kleda etter kalde og våte dagar på sjøen. For alle funn i desse tuftene peikar mot sjøbruk og fiske.

I ei av tuftene er det avdekt ein stor eldstad med beinrestar frå de siste måltida her for over 1000 år sidan. På jordgolvet nedanfor brisken kom det for dagen eit skiferbryne saman med nokre fiskekrokar. I kanten av eldstaden låg eit knust klebersteinskar med forkola matrestar på innsida. Like ved låg ein liten bit av det same karet, laga om til eit fiskesøkke.

Liksom tuftene på Risøy i Sund tykkjest dette vera restar etter fjæremannsbuer - minne om eit eldgammalt sesongfiske som vart drive av folk inne frå fjordane. Bein frå avfallslaga er av storfe, sau, geit og hjort og syner at karane hadde med seg nistemat heimanfrå.

Fiskevær

Dateringane vitnar om busetnad frå 300-talet og fram til kring 1050 e.Kr, men frå 700-talet og ut gjennom heile vikingtida har aktiviteten vore særleg stor. Då var så mange buer i bruk samstundes at ein verkeleg kan tala om fiskevær. Tenkjer vi oss at alle hus var i bruk, og med eit båtlag på 4 personar i kvart hus, kan så mange som 160 mann ha halde til her samstundes. 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to