• Photo: Guri Ravatn (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Ja, vi elsker............. dugnadsinnsatsen 17.mai!

Dermed er mitt kulturminne, ikkje berre eit kulturminne frå dagleglivet, men og frå fest og høgtid i bygde- Norge. Kva hadde 17. mai vore utan dugnadsinnsatsen?
 

Så,  Ja, vi elsker, alle de som:
Teikna program,
skar ned- for deretter å pynta med bjørkelauv,
baka kaker,
øvde songar,
skreiv og heldt tale,
vaska toaletta,
kosta gatene,
heiste flagga og hugsa å fira dei før solnedgaing,
øvde på dans og framførte underhaldning,
spelte i korps,
stabla boksane me kasta på,
tippa vekta på fenalår,
strauk bunadsskjorter 
eller  leita etter skopuss eller bunadsko

Ja, vil elsker alle de som sit med beina i sofaen eller på bordet i kveld , trøytte etter lang dags arbeid!

Takk, takk!
For takk vere felles dugnadsinnsats var det mogeleg ennå eit år å kjenna klumpen i halsen når korpset spelte og flaggborga framst i toget gjekk forbi!

Dugnadsinnsats- eit viktig, levande kulturminne!

 


 

 

 


 

1 comment

  • Og takk til deg som minner oss om denne viktige siden ved vår kultur! Det sies at dugnadsånd og -vilje er avtagende. La oss håpe den ikke er blitt bare et minne, men fortsatt vil være levende. Din artikkel gir håp om fortsatt liv.

Share to