• Photo: Andersen og Sollid- 1972 (Opphavsrett)

Bretransport

Bretransportert materiale kjem frå breerosjon eller ved at materiale vert tilført frå terrenget omkring breen, til dømes frå ras frå kringliggjande dalsider.
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Bretransportert materiale kjem frå breerosjon eller ved at materiale vert tilført frå terrenget omkring breen, til dømes frå ras frå kringliggjande dalsider. Transporten skjer anten langs bresolen, inne i breen, eller oppe på breen. Steinmateriale i bresolen vert gradvis knust til stadig finare partiklar. Store mengder materiale i solen vert også transportert av smeltevatnet, noko som er med på å oppretthalda breen si erosjonsevne. Over likevektslina strøymer lausmaterialet inn mot midten av breen og under breen si overflate, medan under likevektslina strøymer lausmaterialet opp mot overflata og ut mot sidene.

Avsetningar frå brear
Som eit resultat av breen sitt rørslemønster skjer nesten all avsetning under likevektslina. Når ein bre eller ei breelv ikkje lenger har kraft til å transportera materialet, vert det avsett. Morenemateriale og breelvmateriale er døme på breavsetningar.

Morenemateriale er avsett direkte av brear, medan breelvmateriale er transportert og avsett av smeltevatn frå brear. Morenemateriale vert danna ved at breen sliper, skurer og plukkar laust materiale frå fjellgrunnen eller frå lausmassar. Materialet vert transportert og avsett av breen. Morenematerialet speglar ofte kor i breen materialet er transportert og avsett. Mesteparten av materialet vert transportert i bresolen og knust ned mellom isen og underlaget. Når dette materialet vert avsett, vert det kalla botnmorene, som er ei blanding av ulike kornstorleikar. Ein botnmorene kan ein dela inn i tre typar: (a) Påklistringsmorene, (b) basal utsmeltingsmorene, og (c) deformasjonsmorene. Desse vert skilt frå kvarandre ved detaljstudiar av morenematerialet.

Breelvmateriale er materiale som er transportert og avsett av breelvar. Materialet ligg oftast lagvis i sorterte lag av ulik kornstorleik, vanlegvis sand og grus. Den lagvise vekslinga gjenspeglar variasjonar i breelva si vassføring. Materiale transportert i vatn er meir runda enn morenemateriale og rundingsgraden aukar med aukande transportlengd. Breelvavsetningar kan ha fleire former i terrenget.

Moreneryggar
Randmorenar er ryggar av morenemateriale som er skove opp framføre brefronten når breen rykkjer fram eller har eit opphald i den generelle tilbaketrekkinga. Randmorenar kan opptre som klare ryggformer, men mange stader er det fleire usamanhengande ryggar i eit belte eller i ein sone. Andre stader kan isfronten sin posisjon vera endå meir uklar og eit belte av morenemateriale eller blokker kan markere brefronten sin tidlegare posisjon. Randmorenar som vert avsette langs sidene av breen vert kalla sidemorenar, medan ryggar som vert danna ved fronten, vert kalla endemorenar. Når breen rykkjer fram som ein bulldosar, gjerne over tidlegare avsetningar, vert det ofte danna ein spesiell type endemorene som vert kalla ‘push’-morene. Framfor brear som rykkjer fram i vinterhalvåret og som trekkjer seg nokre meter tilbake i sommarhalvåret, vert det danna årsmorenar. Slike årsmorenar finn vi til dømes på platået framfor Midtdalsbreen.
 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to