• Photo: Tom Elton (Opphavsrett)

Mår

Klatrekongen blant rovdyra.

Mår finst i nesten heile landet vårt, berre i dei nordlegaste fylka er han sjeldan. Måren liknar mink og oter i kroppsform, då han er langstrakt og med korte bein. Han er tydelig å kjenna på sin gule hals, litt store øyre, og ein ganske stor og buskete hale. Storleiken er som oter, altså tydeleg større enn mink. Måren er særleg godt tilpassa skogar, han er smidig, rask og klatrar elegant i allslags tre; grunna skogstilknytinga er han ikkje spesielt vanleg på høgfjellsstrekningar. I fjellbjørkeskog og lågare område er han meir vanleg. Men måren er temmeleg sky og vanskeleg å få auge på; truleg er det nok me som vert sett av mår, og ikkje omvendt.

Måren er ein aktiv jeger som ikkje er særleg kresen. Hovudføda er småpattedyr, som allslags mus, fuglar og fugleegg. Han er temmeleg fryktlaus, og kan gi seg i kast med – og leggja ned – ganske stor fugl, som til dømes tiur. Mange av byttedyra vert overraska av måren om natta eller i kvileperiodar. Sjølv om måren er rask, klarer han nok ikkje å ta igjen haren. Måren er ein utprega hamstrar, og grev ned allslags føde i gode periodar. Hukommelsen er tydelig svært god for slike matdepot, han finn tilbake til dei sjølv under djup snø.

Måren parar seg om sommaren, og føder 3–4 ungar seint neste vår. Hiet er helst i hole tre, men også steinurer eller fjellsprekkar kan gjera nytta. Hoene er stort sett åleine om ungestellet, og hannar i nærleiken vert ikkje tolererte. Ungane kjem ut frå hiet etter om lag to månader, og forlèt mora i løpet av hausten.

Share to