• Photo: Ukjent (Opphavsrett)

Løn og vilkår for rallarane

Langs heile banestrekninga gjekk det føre seg arbeid heile sommaren, og det var ingeniørane som hadde ansvaret for at arbeidet vart gjort rett og til avtalt tid.
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Alt arbeid var på akkord, og det var basen som forhandla med ingeniøren om løna. På akkordsetelen stod omfanget av arbeidet og einingpris, og basen hadde så ansvaret for at arbeidet vart gjort rett og i tide. Basen fekk utlevert reiskapar materialforvaltaren ved anlegget, som vog opp alt dei trong av bor, spett og anna reiskap. Når akkorden var ferdig, vart alt vege igjen, og all svinn vart utrekna etter ein fast kilopris og trekt frå akkordsummen. Det same vart gjort med dynamitten, og det var basen som ladde og tende på lunta.

Ofte søkte ein god bas arbeid for seg og eit lag han kjende på førehand. Slike lag tente gode pengar om dei samarbeidde godt. Når akkorden skulle gjerast opp, vart det rekna ut ei dagsforteneste for kvar mann, og ein fekk då for dei dagane ein hadde arbeidd. Basen fekk òg litt for kvar dag frå kvar av anleggsarbeidarane. Som ved dei fleste jernbaneanlegg var det også her ei ordning med sparekasse for anleggsarbeidarane. Dei som ville, kunne setja løna inn på ei sparebankbok som staten garanterte for.     

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to