• Photo: Plansjen er henta frå Bymuseet i Bergen si billedsamling - Skoleplansjer. www.bymuseet.no (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Buplassar ved havet

Skal ein døma etter funnmengda, må Hordalandskysten ha vore eit eldorado for steinalderfolket. Berre i Øygarden kommune er det kjent 91 buplassar som er meir enn 4000 år gamle.

Undersøkingar

Men buplasskartet seier ikkje heile sanninga. Somme område er vorte saumfarne av arkeologar, gjerne i samband med store utbyggingsprosjekt, medan tilhøva andre stader er heilt ukjende. Somme stader kan såleis få store opphopingar av funn, medan andre område verkar funntome, utan at dei treng vere det. 

«Steinalderkommunen»

I Øygarden er det særleg tre prosjekt som har gjort kommunen til den største «steinalderkommunen» i Hordaland: Industriområdet på Stura, Troll-prosjektet i Kolsnesområdet og Øygardsvegen.
 

Share to