• Photo: Sefrak (Opphavsrett)

Gjuvslandssaga

Ikkje berre utslåttene og beitemarka, men også sagbruket har høyrt til fellesressursane på Gjuvslands-garden. Fire bruk er partseigarar i den vassdrivne saga.
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Sagrettar

Sagrettane høyrer med til utskiftingsgrunnlaget for bruka, delt med ein fjerdepart på kvar: dei tre første dagane i veka i annankvar månad på eitt bruk, dei tre siste dagane i veka på det neste.

400 år med sag

Saga vert driven av eit stort underfallshjul som får vatn frå ei lita demning i elva ovanfor. I dag står det ei sirkelsag her: tidlegare var det ei oppgangssag. I 1603 veit vi at det var sag på Gjuvsland. I dag er det berre få att av desse sagene. Gjuvslandssaga er siste fase i ei lang teknologisk utvikling gjennom meir enn 400 år; eit eineståande historisk bilete.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to