• Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Trond Oalann (Opphavsrett)

Røykstova på Arnatveit

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Mellomalderbygg

Røykstova på Arnatveit er eit av dei få sikre mellomalderbygg i fjordbygdene. Dendrokronologisk datering (teljing av år-ringar) plasserer denne stova på slutten av 1400-talet. Den midtstilte inngangsdøra er prydd som ein inngangsportal, med mellomalderens dekorative markering på avbladinga der tømmerstokkane er «beita» inn i beitskiene på kvar side av døropninga.

Idag står stova aleine i tunet, ved sida av eit nyare våningshus. Tidlegare var denne røykstova bygd saman med ei glasstove som vart riven for ein del år sidan; ein klassisk bygningstype på Vestlandet.

Grindbygd løe

Den grindbygde løa på garden er også ein klassisk vestlandskonstruksjon. Denne løa vart bygd i 1900. Då vart ho flytt frå ein annan stad i tunet, truleg i samband med utskiftinga av det gamle fellestunet. Brakekledningen i nordgavlen er gammal. Nils Arnatveit (1881-1972) fortalde at då dei bygde løa, løyste dei frå heile brakeveggen på gamleløa og flytta han over på den nye. Han meinte at denne brakekledningen måtte vera nærare 150 år; ein av dei eldste eksisterande brakevegger vi veit om.  

Freda

Stova på Arnatveit blei freda av Riksantikvaren i 1996.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to