• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • Photo: Elin Galtung Lihaug (Opphavsrett)
  • Photo: Anders P. Wallevik (Opphavsrett)

Torsnes

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

«Dog fik jeg i en halv nedreven Borg endnu seet en af fordums herlige Sale. Hvor ydmyge og nøisomme dog Fædrene vare! Lave Døre, skumle og ikke store Værelser — men disse vare prydede, som en Kirke, med moralske Vers, malede paa alle Loftbjælker, og Arabesker på Væggenie, og Navne og Vaabener paa de smaa, i Bly indlagte Vinduesruder.»

Den gamle hovudbygningen

Dette huset som vart rive, var kanskje frå slutten av 1500-talet eller tidleg på 1600-talet. Vi kan nemleg jamføra denne bygningen med ein annan bygning frå denne tida; den vakkert prydde sengebua hjå storbonden på Gjerde i Mauranger; i seinare hundreår kalla «Målabuo». Denne bua er datert gjennom innskrifter til 1589, og vi kan godt tenkja oss at det kan ha vore den same laugsmålaren frå Bergen som har hatt oppdrag både på Gjerde og på Torsnes.
 

Steinfjøs

I 1504 vart det bygt eit nytt steinfjøs på garden av den dåverande eigaren, Peter Nilsson. Murane etter dette stod heilt fram til i 1950-åra. I dag er det ingen av dei eldste bygningane att på setegarden
 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to