• Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Hellebrota på Tittelsnes

«På landet Wallestrand.... befindes Bierg-Arten næsten over alt at være af en skiferaktig Beskaffenhed; såvel nede ved søekanten, som på Gårdene og i deres Udmarker».

Dette slår sokneprest Eric Olsen fast i 1797, i ei lita bok om helleberga på Tittelsnes. Han var ein føregangsmann som ivra for å auka bruken av stein til bygging av uthus og til taktekking, mellom anna for å spara på skogen, som mange stader byrja å verta uthoggen.

God inntektskjelde

På Tittelsnes (truleg av eit eldre mannsnamn «Titolfr») var det ei rekkje hellebrot. Gravfunn tyder på at det har vore busetnad her heilt attende til 600-talet e.Kr. På 1800-talet hadde hellebrota mykje å seia som inntektskjelde for bøndene på gardar som Einstapevoll, Haugsgjerd, Hauge og Gramshaug. Ikkje minst husmennene hadde god nytte av desse inntektene. Verksemda gav òg arbeid til mange utanbygds folk. I 1920-åra vart det stort sett slutt på arbeidet i hellebrota.

Fin gammal byggjeskikk

Vegen nordover Tittelsnes til Gramshaugvågen går gjennom eit vakkert landskap, med mange døme på fin gammal byggjeskikk. I dei tunge helletaka og i steinveggene på uthusa ser vi korleis steinen på hellebrota er nytta. Mange stader ser vi gamle murar med murarhandverk av høgaste klasse.

Share to