• (Opphavsrett)

Båtstamnar i myr på Dalland og Midtvåge

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Frå vikingtida?

Funnet vart omtala i avisene, og nokre dagar etter kom det inn eit tilsvarande funn, også dette frå Tysnes. Det var ein eikestamn, funnen ti år tidlegare, meterdjupt i ei myr på Midtvåge. Enden er eit tydeleg utskore dyrehovud med gapande kjeft og kvasse tenner. Etter stilen å dømma kan utskjeringane vera frå vikingtida eller tidleg mellomalder.

Lagde i myra

Stamnane har etter alt å dømma vorte lagde i myra før dei var gjorde ferdige. Om dette er uttrykk for ofring eller om det kan ha meir praktiske årsaker, er ikkje godt å seia. Vi veit at båtbyggjarar i eldre tid ofte la emnestykke i vatn eller myr for å halda veden frisk. Det er mogleg at det er slike tusen år gamle emnestykke som kom for dagen i myrane på Dalland og Midtvåge.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to