• Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)

Den Trondhjemske Postveg: Melingen - Fauskanger

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

«Bruges kun til Kløv»

Opphaveleg hadde denne strekninga ei vegbreidde på mellom 3 og 5 alen. Det gamle vegdekket av sand og grus blei med tida vaska bort, slik at berre dei store underlagssteinane låg att. No har ein prøvd å tilbakeføre vegen og eit nytt sand- og grusdekke er igjen lagt på.

På profilteikningar som er tekne i vare av postvegen – frå 1854 – kan vi lese at delar av den «Bruges kun til Kløv». Dette viser at vegen på dette tidspunktet enno ikkje var opparbeidd for hestekøyrety. Av dei same profilteikningane kan vi lese at det enkelte stader «groer godt græs i Veien». Reint sand- og grusdekke var ikkje utan vidare det beste alternativet den gong.

Pliktarbeid for Osterøy-striler 

Vedlikehaldet av vegen var delt inn i roder, og blei ved gardane utført av lokale bønder. Men ettersom postvegen også vart viktig for folk utan direkte tilknyting til området, som ferdselsveg til og frå Bergen, var det berre rett og rimeleg at også desse skulle få ta si tørn i vegarbeidet. Difor var strekninga mellom Melingen og Sætre sett ut til bønder frå Osterøy.

Vegen sine kulturminne

Over Dalselva, nede ved garden Melingen, finst ei 6,5 meter lang steinhellebru med årstalet «1844» hogge inn i den eine dekkhella. Dette året stod brua ferdig, etter å ha fått løyvingar i 1843. I nord, på kvar side av elva, er stabbesteinar sett opp på brua. Her kan ein også sjå spor etter jernrekkverket som gjekk over den.

I «Remmerbakkerne», bakken ovanfor tunet på Melingen, står det stabbesteinar langs vestsida av postvegen. Litt lenger oppe, over ein tilknytingsbekk til Dalselva, passerer ein ei lita steinhellebru, og ved denne er det reist ein litt over 1 meter høg bauta. To innbora hol tyder på at den har fungert som grindstolpe til eit langsgåande gjerde, men den har truleg også fungert som ein merkestein. I den gamle instruksen for bygging av postvegen heiter det nemleg at kvar bru skulle merkast med stolpar.

Kulturlandskap langs vegen 

Kultur- og naturlandskapet opp frå Melingen og vidare langs vegen er flott. Her finst massevis av steingardar, utspadde torvmyrer, ruinar av steinbygde uthus, og mykje anna. Mange dyr, både sauer, kyr og hestar, beitar langs vegen, og eit aktivt restaureringsarbeid er med på å verne om det gamle kulturlandskapet. Området gir eit innblikk i nokre av dei gamle måtane å utnytte utmarkene på Vestlandet, og postvegen blir ein slags vegvisar gjennom dette landskapet. I 2000 fikk området til og med Kulturlandskapspris for Hordaland.  

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to