• Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Nord (Opphavsrett)

Nesheimtunet

Ved øvre enden av Lonavatnet ligg garden Nesheim, etter segna eit hovdingsete i vikingtida. Det har vore ein stor og god gard, einbølt og udelt fram til vår tid.
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Samanbygd husrekkje

Det gamle tunet har ei husrekkje av tre samanbygde hus – eldhus, røykstove og lemstove – og elles dei andre husa som høyrde til på garden. I eldhuset står enno ein røykomn, visstnok den einaste som er att på Voss. Løa, som er bygd i 1797, var i si tid den største i bygda. Lars Nilsson Nesheim (1792-1880), ein vidkjend visesongar, var frå denne garden.

Museum

Nesheimstunet vart overteke av Voss folkemuseum i 1970 og sett i god stand.
I alt er det 12 bygningar på Nesheimstunet. Tunet har ikkje faste opningstider, men dei som er interesserte kan gå inn og sjå på det sereigne bygningsmiljøet frå utsida. Det er råd å få omvisning om ein avtalar på førehand med Voss Folkemuseum.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to