• Photo: Ann-Mari Olsen (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Ann-Mari Olsen (Opphavsrett)
  • Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)
  • Photo: Knut A. Bergsvik (Opphavsrett)

Kotedalen - steinalderbuplassen ved Fosnastraumen

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Avfallsdyngjer gjev svar

Kva var det som drog folk ut hit, om att og om att gjennom 180 generasjonar? Svaret finn vi i avfallsdyngjene - eller rettare sagt i dei ørsmå beinrestane som fanst somme stader i oskelag og eldstader. Svært mange av dei beina som kunne bestemmast, var av fisk. Mellom pattedyrbeina dominerer sel og oter, og i fuglematerialet finst berre sjøfugl.

Ein av dei beste fiskeplassane 

Funna syner at til alle tider har den fiskerike straumen lokka til seg både folk, dyr og fugl - som han gjer i dag. For Fosnstraumen er ein av dei beste fiskeplassane i Nordhordland. Det vart funne mange reiskapar og reiskapsrestar av stein på buplassen, og ei mengd med avfall frå tilverking av reiskap, om lag 230 000 gjenstandar i alt.

10 000 år gamal busetnad 

I det eldste laget, heilt på botnen av buplassen, fanst små, enkle flintøksar og pilespissar frå det første kystfolket. Dei slo seg ned ved straumen for nær 10 000 år sidan. Men etter dei ser det ut for at staden vart gløymd og har lege langt på veg unytta i halvtanna tusen år. Kring 6 400 år f.Kr. kom eit anna folk til Kotedalen og oppdaga den rike matkjelda. I dei neste 3 600 åra steig det rett ofte opp røyk frå buplassen i skogkanten ved Fosnstraumen.

Fråflytta 2800 år f.Kr

Kring 2 800 år f.Kr. - på den tid dei første store pyramidane i Egypt vart bygde - vart Kotedalsbuplassen nedlagd for godt. Dei fiska nok framleis i straumen, gjerne like mykje som før, men no låg buplassane andre stader. Heretter var det omsynet til åkerland og beitemarker som avgjorde kvar det var best å bu.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to