• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • Photo: Tore Bjørgo. (Opphavsrett)

Industristaden Dale

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Fabrikk og arbeiderbustader

I 1879 vart dei første tomteareala på i alt 30 mål eksproprierte, og seinhaustes 1879 var den første store bomullsfabrikken i drift. Samstundes vart det oppført fire store arbeidarbustader langs nordsida av den noverande hovudgata, og nokre år seinare vart styrarbustaden gassverkanlegget oppførte. Jernbanen fekk sjølvsagt mykje å seia for den nye industristaden. Vossebanen opna i 1883, og heile strekninga Oslo-Bergen vart opna i 1909.

Dale fabrikker A/S

I 1904 gjekk drifta over til å verta aksjeselskap som fekk namnet Dale fabrikker A/S. Ullvarefabrikken - Dale fabrikker - er framleis i drift. Ullgarn og ullplagg av høg kvalitet får si utforming her; design av internasjonal klasse til NM, VM og OL.
Arbeidarbustadene langs hovudgata på Dale skal vernast som kulturminne.
 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to