• Photo: Olai Schumann Olsen (Opphavsrett)

Landro

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Heimefiske

Landrovågen er for grunn til at større båtar kan gå inn. Strukturendringane i fisket, med overgang til snurpenot og store fartøy, har såleis fått lite å seia for sjøbruksmiljøet i Landrovågen. Fiskemottak og hamner for snurpebåtar og trålarar har måtta koma andre stader. Slik er framleis naustmiljøet og sjøhusa i Landrovågen tilpassa robåten og den vesle motorbåten; fjordfisket og heimefisket.

Naust og saltebuer

Alle bruka på Landro har naust på eigande grunn i Landrovågen; somme hus har og meir enn eitt. Fleire større saltebuer for torsk og sild fortel om at fiskarane kom inn her med fangstane sine, så lenge dei kunne førast på småbåtar. Den eine saltebua vart kalla «Laksanaustet»; eit vitnemål om at laksefisket var eit viktig fiske for Landrosamfunnet.
 

Kulturhistorisk verdi

Det mest innhaldsrike miljøet med eldre småbåtnaust på Sotra finn vi i dag i den lune hamna i Landrovågen; eit område av stor kulturhistorisk verdi.
 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

1 comment

  • Riktig navn er Gjertrud Garlid

Share to