• Photo: Klaus Høiland (Opphavsrett)

Vardelav (Umbilicaria arctica)

Sekksporesoppar. Festa i eitt punkt. Oversida brunsvart, rynket, undersida glatt, ein aning rosa, med svart felt rundt festet.
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Lav er ein sopp som lever saman med ein alge til deira felles beste. Algen driv fotosyntese og skaffar sukker til soppen. Soppen tek opp vatn og mineralnæring til algen og gir beskyttelse. Vardelav høyrer til dei mange navlelava som dannar «skinnfiller» på stein og fjellvegger. Fellesnamnet har dei fått fordi dei alle er festa i eitt punkt på underlaget. Dette gjer at dei får ein navleaktig grop på oversida. Vardelav er eit av dei vanlegaste typane navlelav i fjellet. Det er hovudsakleg det som dannar svarte skinnfiller på dei store steinane langs Rallarvegen.

Legg merke til at vardelavet sit på den øvste delen av steinane. Dette kjem av at det likar fuglegjødselen som sig nedover steinen. Fuglane sit ofte på toppen av steinane og speidar anten etter eit bytte, eller etter noko som kan gjere dei sjølv til bytte (til dømes ein fjellvåk), og samtidig gjer dei frå seg. Ser de nøye etter heilt på toppen av ein slik stein, kan de finne nokre oransje eller grågule lav. Dette er artar som krev endå meir gjødsel for å trivast.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to