• Photo: Ukjent (Opphavsrett)

Harald Skavlan

Harald Skavlan sette Lekve sine planar ut i livet, men opplevde sjølv aldri den offisielle opninga av Bergensbana.

Harald Skavlan vart fødd på Herøy i 1854 og vaks opp i Trondheim. Han tok ingeniørutdanning i Gøteborg i tida mellom 1870 og 1872. Før han byrja som overingeniør på Bergensbaneanlegget opparbeidde han seg jernbanekompetanse frå Rørosbanen og Gjøvikbanen.

I 1898 overtok han rolla som overingeniør på den vestre delen av Bergensbana, og i hans tid som overingeniør vart bana fullført til Krøderen. Prøvedrifta i 1907 vart starta under tilråding frå Skavlan. Han døydde på Voss i 1908, eit år før den offisielle opninga.

I sitt liv som jernbanemann var Skavlan ein stor forkjempar for elektrifisering av jernbana, og at tekniske spesialistar skulle få større spelerom i arbeidet med jernbanestrekningar.

Share to