• Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • Photo: Axel Lindahl (Opphavsrett)

Bolstad

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Gjestgjevarbygningen

Gjestgjevarbygningen på Bolstadøyri i dag er frå 1830-åra, eit symmetrisk empirehus med valmtak. Den eldste delen skal vera frå 1663. På slutten av 1600-talet slo Nils P Hjermand seg ned her som gjestgjevar. Han var borgar i Bergen, men hadde ikkje kongeleg bevilling, I 1702 fekk Henrik Weinwick bevilling til å driva som gjestgjevar både på Vossevangen og på Bolstadøyri. Den gamle tingstova ligg like ved gjestgjevarbygningen.

«Bylag» og «båtlag»

Både vesser og vassveringar møttest på øyri når dei skulle på byferd. Tradisjonen fortel at dei skipa «bylag» eller ”båtlag” og leigde seg ei ostraskute eller vossaskute. Denne lasta dei med smør og ost og andre varer. Med lagleg ver kunne eit slikt bylag ro til Bergen på 2-3 dagar; i motvind kunne framreisa ta ei heil veke.
 

Postbrygga

Ved fjorden på Bolstadøyri ligg framleis den gamle postbryggja; no under restaurering, og det er planar om å byggja opp att eit sjøhus som stod like ved, for å nya opp att tradisjonen med sjøferdsla til og frå vossebygdene.
 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to