• Photo: Klaus Høiland (Opphavsrett)

Musøyre (Salix herbacea)

Vierfamilien. Bitte liten krypande busk med blankgrøne, runde blad med tett nervenett. Blomar og frukter i raklar.

Legg du deg ned på bakken der snøen har vore lenge kan du ikkje unngå å finna musøyre. Han glimrar ikkje med sitt nærvær, men straks du får auge på dei blankgrøne, runde blada med tett nervenett og små taggar i kanten, ja, då ser du at det er fullt opp av han mellom mose og bar jord. Økologisk er dette ei karakterplante på snøleier, det vil seie stadar der snøen ligg lenge, ofte heilt ut i juli. Musøyre likar seg helst i snøleier som er litt tørre. Nøysam som han er, finst han i alle Noregs fjelltraktar. Langs Rallarvegen finst han overalt, berre du ser etter.

Ofte vert han kalla «verdas minste tre», ei sanning med modifikasjonar. Kva er eit tre? Grunnen er nok at den krypande stengelen er forveda med årringar. Og dessutan tilhøyrar han vierfamilien, som inneheld skikkelege tre som selje og pil, men også mange buskar. Lik andre vierarter har også musøyre eigne ho- og hannplanter, og blomar og frukter sit i små raklar.

Share to