Pilegrimsvandring over sjø og land

Pilegrimsvandring over sjø og land

                                                                                                                               Av Knut Magne Nesse

Øya Kinn ligg lengst ut ved kysten og i dag vil mange nok seie langt utanfor allfarveg. Det er viktig å hugse på at det ikkje alltid har vore slik. I tidlegare tider var havet vegen og livet for dei som budde langs kysten. Ein kan tenke attende til vikingtida då nordmennene reiste omkring i heile Europa. Du kan tenke deg attende til dei rike sildefiskeriene i området her på 18- og 1900-talet, då det var samla på tusenvis med fiskarar her. Du kan tenke på det store skiljet i det førre hundreåret der transporten i fylket skifta fullstendig frå båt på fjorden til bil på vegen.

     Det var her ved kysten det første møtet med kristendommen fann stad for meir enn 1000 år sidan. Her var god kontakt både nord- og sørover og over havet. Vi har mange vitnemål om den første kristne tida:

–    Til dømes dei store steinkrossane på Svanøy og i Korssundet. Dei er frå denne tida og dei har alle likskapar med krossar på øyane i vest. Vi veit no at dei fleste av steinkrossane på Vestlandet vart laga i kvernsteinsbrota ved Åfjorden i Hyllestad.

–    Liknande har vi den gamle forteljinga om St. Sunniva og seljumennene. Ho fortel at ei irsk prinsesse laut røme landet for ikkje å verte gift bort til ein heiden vikingkonge. Fylgjet kom i frå kvarandre på havet, dei rok i land på øyane Kinn og Selja og slo seg ned her. I «Songen ved det store djup», meir kjend som «Kinnaspelet», vert forteljinga om St. Sunniva framført i det såkalla «spelet i spelet». Kyrkja vi speler ved, er frå 1100-talet.

 Ein kan spørje seg kva slags tru det var som kom til landet. Vi veit at mange sider av samfunnet vart endra i denne første kristne tida. Ikkje minst gjeld dette lov og rett, skikkar for gravlegging og ein fekk eit sett med nye ritual for livet. Det vart også innført helg- og høgtidsdagar. Gamle skikkar som blot og blodhemn vert avvikla. Trua som kom, må vi rekne med var tett knytt til den «keltiske» kristendomsformen som vi kjenner frå dei britiske øyane. Den hadde sitt rotfeste der i tida før den katolske kyrkja tok heilt over. Irland var utgangspunkt og vidfarande irske munkar tok tradisjonane frå heimlandet med seg. Frå denne tradisjonen finst det ein del skriftlege kjelder og deler av dette har vore ein levande tradisjon til vår tid. Det er mange som ser mot denne kristendomsforma i dag, fordi den tiltalar oss og verkar fornyande på trua vår:

      – Å leve i Guds nærvær og søkje hans vern er viktig! Den mest kjende bøna vert tilegna St. Patrik, den irske nasjonalhelgenen. Ho heiter St. Patricks brynje og er gjengjeve slik i bøneboka til den norske kyrkja: ”Herre Jesus Kristus, du står her foran meg, du er også bak meg, du er på min høyre side, du er på min venstre side, du er over meg, du er under meg, du omgir meg på alle sider, du bor i mitt hjerte, du gjennomtrenger meg helt, og du elsker meg, Herre Jesus!” (NR 406). Desse kristne levde slik at trua hadde ein naturleg plass i alt dei gjorde.

      – Naturen hadde ein viktig plass for desse kristne, og dei var opptekne av å søkje Guds nærleik i det stille og på heilage stader. Dei talar vel om naturen og seier at det gode i naturen er ei gåve frå Gud. Ja, dei kan også nytte vendingar som at skaparverket lovar Gud og gjev han ære. Dette verkar framand for oss som er oppvaksne med ei vektlegging av det personlege forholdet til Gud. Men i den kjende salmen av Petter Dass «Herre Gud ditt dyre namn og ære» er dette vel utvikla. Han skriv at «før Gud skal sin ære forlise så skal hav og gummen hval ham prise, samt og tanteien – som løper leien, steinbit og seien og torsk og skreien og nise». (tantei=delfin – NoS 268)

Dette nære forholdet mellom kvardagslivet og trua, trur eg prega mange i jordbrukssamfunnet som var i Sunnfjord i tidelegare tider. Søndag var kviledag, dei dyrka jorda, levde nær naturen og var avhengig av det jorda kunne gje dei. Trua, kvardagen og nærleik til naturen var naturlege element i deira liv. Dei takka Gud for det dei hadde, levde nøysamt og delte med dei som hadde lite. Liknande trur eg det var for fiskarane ved kysten, men dei levde nok tettare på naturkreftene på
havet. Uttrykk dei kunne bruke ved uhell og ulykker, som «havet gav, havet tok – Herrens namn vere lova!», syner noko av dette.

 Å reise på pilegrimsferd har fått ein renessanse i vår tid. Mange reiser for å gå pilegrim til kjende pilegrimsmål som Santiago de Compostella, Lourdes, Nidaros eller Roma. Arbeidet med å få til ei pilegrimsrute hos oss, her på kysten av Norge er i gang. Sunnivaleia er alt etablert og merka som ei rute over sjø og land mellom Kinn og Selja. (sjå www.sunnivaleia.no) I framtida tenkjer vi oss at Sunnivaleia skal strekkje seg frå Bergen til Selja. Fylkeskommunane og bispedømma på kysten samarbeider nettopp i år om eit forprosjekt: «kystpilegrimsruta til Nidaros». Ein ynskjer å legge til rette for at folk skal reise som pilegrimar langs kysten her på veg mot Trondheim og Nidaros. Korleis dette i framtida vert, veit ingen. Om det kjem til å vandre pilegrimar gjennom Sunnfjord på veg til Selja eller Nidaros i framtida, det vil vise seg. Men det er i alle fall å håpe at nokre av oss som bur her legg ut på pilegrimsferd i tida som kjem.

For mange kan ei første erfaring vere å gå «Sunnivaleia» i vår eigen kommune. Det kan passe godt å starte ein laurdag formiddag frå Selvågen på Reksta. Deretter går ein langs sørsida av øya gjennom dei små grendene Indre og Ytre Reksta. Her er god sti og heile vegen går du på den lune sørsida av øya. Siste stopp på Reksta er Rognaldsvåg. Frå Rognaldsvåg tek ein rutebåten til Kinn eller får nokon til å skysse seg over. På Kinn er det overnatting anten på Kinn gjestehus eller i det gamle skulehuset, som Kinn sokneråd eig. Søndag går einrundt Kinn på sørsida og gjennom Høyskaret. Deretter held ein fram mot Kinnakyrkja langs øya på nordsida. Målet for vandringa er kyrkja der ein får omvisning ,  bed ei bøn eller deltek ved ei gudsteneste.

(Artikkel frå Kinnaspelet sitt programhefte, 2013)

 

Share to