• Photo: Sindre Flø (Opphavsrett)

«Sole»

Øvst i gamlegata på Gvarv finn du huset «Sole». Kva er historia til dette flotte, kvite huset?
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Ein ung mann med namnet Torgrim Bjørnson som var interessert i handelslivet i bygda, fekk bygd «Sole» i 1884.

«Sole» blei bygd som eit kombinert forretnings- og bustadhus i seinempire-stil, og ruver fint blant alle dei andre flotte husa i gamlegata.

Torgrim starta landhandleri saman med kjøpmann Olsen frå Seljord, og posten starta opp sitt første postopneri i dette huset. Torgrim blei da tilsett som postopnar.

I tillegg til våningshuset blei det også sett opp uthus og eit høne- og grisehus. I uthuset hadde dei lager for større varer og trelast. Dei trong god plass da dei hadde trelast i kommisjon frå godseigar Aal på Ulefoss.

På tomta på sørsida av gamlegata var det også bygd opp eit lite hus der det blei drive bakeriverksemd.
 

 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to