• Photo: WIKIPEDIA, Andreas Trepte (Opphavsrett)

Heipiplerke

Kanskje har du sett heipiplerka langs Rallarvegen?
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Den vanlegaste fuglen i den norske fjellheimen er heipiplerka. Ho er oftast å sjå engsteleg varslande i lufta over turgåarar som nærmar seg reiret, eller under den spesielle songflukta der ho dalar mot bakken som ein fallskjerm medan ho syng.

I Noreg er ho utbreidd frå Lindesnes i sør til Nordkapp i nord. Ho hekkar heilt frå kysten og til dei opne fjellviddene. Reiret vert plassert på bakken, godt gøymd i vegetasjonen. Heipiplerka er ein av de vanlegaste vertsartane til gauk, og viss ein er heldig kan ein finne ein stor gaukunge i heipiplerka sitt reir. Både gauk og heipiplerke finst over tregrensa langs hele Rallarvegen.

Etter hekkesesongen trekkjer heipiplerkene ut av Noreg og til overvintringsområda rundt det vestlege Middelhavet.
 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to