• Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Nord (Opphavsrett)

Lindås skulemuseum på Vassel

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Den første læraren var Magne Andersson Myhr. Han hadde lita formell utdanning, berre eit par veker med opplæring hos prosten. Magne blei verande på Vassel til 1898. Oppsitjarane i krinsen måtte skaffa ved til oppvarming av skulestova og stå for reingjering etter tur. I 1922 vart det kjøpt lærarjord med hus på Eknes. Her hadde læraren hage og mogelegheit til å fø ei ku. Skulen på Vassel blei 3-delt i 1951. Plassmangel gjorde at dei minste barna fekk undervisning i det nybygde bedehuset.
 

Skulestove anno 1900

Vassel skule var i bruk fram til hausten 1961, då ein byrja å køyra elevane frå krinsen med buss til den nye barneskulen på Ostereidet. Etter dette blei skulestova på Vassel ståande ei tid utan å få nokon ny funksjon. 7. desember 1976 fann opninga av Lindås skulemuseum stad. Innreiinga er slik ei skulestove kunne sjå ut kring 1900. Dessutan er det sett opp nokre utstillingsmontrar. Her er pultar til 23 elevar. Dersom ein i tillegg nyttar benkar og stolar, er det mogeleg å få plass til kring 40 personar i alt.

Museum

I museet finst over 1000 registrerte gjenstandar, også ein del som er monaleg eldre enn skulehuset. Det dreier seg til dømes om ei bok frå kring 1610 som fortel kva som skal skje i kyrkja gjennom året i tilfelle messefall (det at presten ikkje kunne møta grunna sjukdom eller anna) og eit over 250 år gammalt bord frå ei bondestove som skal ha blitt brukt til undervisning. Lemmen er innreidd som ei loftsstove, der det føregjekk omgangsskuleundervisning. Her er eit bord, benkar, kister, skrin og utstyr for lærar og elevar. Håkon Hatland var ei eldsjel i arbeidet med skulemuseet, og han hadde også vervet som styrar/tilsynsmann frå starten og fram til andre halvdel av 1990-talet.
 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to