• Photo: Knud Knudsen (Opphavsrett)

Dale-garden

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Kloster- og krongods

Sigurd Tanne, som var brukar på 1300-talet, må ha vore ein velståande mann. Forutan jordegodset på Dale, åtte han også gardpartar på Oppheim i Vossestrand og i Evanger. Utover på 1400-talet byrja delar av Dale å komma over i Munkelivsklosteret si eiga. Mot slutten av mellomalderen åtte Munkelivsklosteret 4/7 partar av Dale-garden, bispestolen 2/7 og Apostelkyrkja i Bergen 1/7. Ved reformasjonen vart dette godset drege inn under kongen.

Mange brukarar

Talet på brukarar heldt seg nokså stabilt frå 1660 - I860. Då var det jamt over 9 brukarar i tunet. I 1860-åra auka talet på brukarar til 11, og dette førte til ei innfløkt teigblanding.
 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to