• (Opphavsrett)

Den raude plastkoppen til gome

 

Denne plastkoppen er laga av den fyrste plasten som kom til Noreg på femtitalet. Mange av forbruksartiklane som inntok norske heimar på 1950- og 1960-talet var laga av polyetylen. Dette materialet fekk sitt store gjennombrot rundt 1950. Kiloprisen var kr 5,50 i juni 1960 og 2,50 eitt år etter. Dette gjorde materialet til eit billig råstoff. Nye bruksområde vart mogleg. Polyetylen vart også nytta i bygningsindustrien, jordbruk og gartneri. Bryggeria tok i bruk røyr av polyetylen fordi dei var reinslege, haldbare og lette.

Heile koppen er av plast, og gome har drukke mang ein mjølketår frå denne koppen. Koppen er i dag berre til pynt, men det har vel hendt kan hende at eit av oss barnebarn har fått lov å prøve han.

På den tida då gome var lita, hadde dei få ting, og hadde ikkje økonomi til å kjøpe seg så mykje. Derfor var det stor stas å få sin eigen raude plastkopp som berre var gome sin. Sidan gome hadde seks småsysken, er det ikkje rart at ho tykte ekstra moro å få noko som var berre hennes, og du kan tru ho passa godt på at ingen andre tok han. Det er koppen i dag eit godt bevis på.
Kjelder:
Museumsnet; Varer av plast; http://www.museumsnett.no/ntm/no/utstillingene/plast/hverdagsvarer.htm; 19.11.2009
Homme, Bjørg Sigrid; intervju; 05.10.2009
 

Share to