15. Titicacasjøen

"Titicacasjøen" av og med Liv Holtskog, frå diktsamlinga "Menneskebilde" (1981).
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Titicacasjøen er ikkje bare

i Bolivia

Eg har han inne i meg

veldig, skiftande

Ein brå vind riv

opp den blanke vassflata

gjer ho skummande, farleg

Han ligg høgare enn

andre sjøar i verda

uventa i eit hardt fjell-land

Gjer det fruktbart, andande

 

Veldige sletter der

grønt gras bylgjar i vind

Høgbeina stork og vadefuglar

søkjer inn i vikene

I morgongryet blæs nokon

på fløyte

ein mennesketone

utan byrjing – utan ende

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to