• (Opphavsrett)
  • Photo: Klaus Høiland (Opphavsrett)

Stjernesildre (Saxifraga stellaris)

Sildrefamilien. Blad i rosett nedst, blomane liknar kvite stjerner og på kvart kronblad er det to gule flekkar nedst.
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Stjernesildre er ofte vårt første møte med fjellets særeigne planteverd. Ho er vanleg i alle Noregs fjelltrakter, og sidan ho oftast veks vått, gjerne ved bekker, kan me finna henne eit godt stykke ned i låglandet, ved skogsbekker eller fuktige stiar. Her har frø følgd nedover med vatnet. Ved Rallarvegen er ho vanleg alle stadar der det er fuktig og ope, ofte i våte sik, på snøleier eller langs grøfter.

Stjernesildre høyrer til sildrefamilien, som først og fremst er fjellets plantefamilie. Her finn me vakre planter som gulsildre, raudsildre og bergfrue eller fjelldronning. Raudsildre og gulsildre finst på Finse, men ikkje mykje langs Rallarvegen, då må de høgare opp i fjellet. Raudsildre blomstrar like etter at snøen har tina. Blomane er lillaraude og sit tett på krypande skot. Gulsildre kjem seint om sommaren. Blomane er gule til oransje til raudbrune. Sjansen for å sjå bergfrue, ein av fjellets mest oppsiktsvekkjande planter, er nok størst ned Flåmsdalen, og der helst oppe i fjellsidene.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to