• Photo: A. Tellefsen (Opphavsrett)

Båtbygging i Strandebarm

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Tusenårig tradisjon

Det er lite som har endra seg når det gjeld byggjemåten for tradisjonelle småbåtar frå vikingtida til i dag. Eit prov for desse tradisjonane er dei mange båtgravene arkeologane har funne på Vestlandet. Dette viser ein tusenårig tradisjon for denne byggjemåten i regionen. «Strandebarmaren», som vart eit vidkjent produkt frå desse bygdene på 1900-talet, er ein litt kraftigare småbåt enn «oselvaren», med smalare bordgangar.

Ein fjerdedel av alle menn

I mellomkrigstida var det mellom 100 og 130 båtbyggjarar i Strandebarm. Desse utgjorde om lag ein fjerdepart av yrkesaktive menn i kommunen. I einskilde folketeljingskrinsar utgjorde båtbyggjarane over halvparten av dei yrkesaktive. Dette var tilfelle på Omastrand i 1930.

Fjellstrand Båtbyggeri

Det var i dette båtbyggjarmiljøet at Fjellstrand Båtbyggeri vart etablert i ei krisetid og voks raskt utover i 1930-åra. Det starta med produksjon av småbåtar og motorbåtar og heldt fram i midten av 1930-åra med serieproduksjon av livbåtar; mellom dei første i landet. I etterkrigstida utvikla båtbyggjeriet seg til ei storbedrift, og er i dag ei av dei leiande i verdsmålestokk når det gjeld produksjon av snøggbåtar i aluminium for passasjerfart. Fjellstrand starta som ei einmannsbedrift og har i dag om lag 200 tilsette.
 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to