• Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Roald Landøy (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Nedrevåge

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Velstandsgard

Nedrevåge fostra ei mengd med dugande jorddyrkarar gjennom generasjonar. Ola Torbjørnson Nedrevåge (1797-1875) var den gjævaste av dei. «Neravågen» var ein storkar utan like i Tysnes. Han gjorde store pengar på notbruk og fiske og skaffa seg kapital som han investerte i ættejorda. Slik vart Nedrevåge den velstandsgarden han framleis er kjend som.

Største stova i Tysnes

Stova i Nedrevåge, bygd i 1835, var det gjævaste av dei 14-15 husa Ola Torbjørnson etter tradisjonen skal ha bygt. Det gjekk gjetord om storstova i Nedrevåge. Søre stova var den største i Tysnes. Huset står i mest uforandra stand i dag.

Fleire sjøbuer

Ola T. Nedrevåge sette også opp fleire buer og sjøhus i Nedrevåge. Den store og lange «Longabuo» vart truleg bygd i 3 bolkar. Notahuset vart rive på 1940-talet. Det kan ha vore det notahuset som far og farbror til Ola Nedrevåge åtte i lag kring 1800. I «Saltebuo», dreiv gamle «Neravågen» med sildesalting.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to