• Photo: planteikning av Nils Georg Brekke (Opphavsrett)

Øydegardar frå mellomalderen

Skjult under torva

Dette er to meir tilfeldig lokaliserte øydegardar, samband med store utbyggingstiltak i oljesektoren. Men jamvel om vi førebels har dokumentert nokre få slike anlegg mellomalderen, kan det knapt vera tvil at det må liggja mange slike tufter under torvene på Vestlandskysten. Fleire anlegg kan også påvisast i dag som synlege tufter av samansette langhusstrukturar. Mange av dei samansette og samanbygde husa vi kjenner frå seinare hundreår, ser ut til å stått her i desse bygdene alt i mellomalderen.
 

Ulike langhusstrukturar

Ei systematisk registrering av alle spor etter langhustufter, kombinert med utgraving av ein del tufter etter øydegardar, vil kunna få fram eit vesentleg større materiale enn det vi kjenner i dag. Fleire kjende tufter i dag viser at det er tale om ulike former for langhusstrukturar, mellom anna på Mulane på Voss og i Kikedalen i Fusa.
Det er vanskeleg i dag å koma fram til sikre oppfatningar om korleis utviklinga av garden og bustadhuset har vore etter jordbrukskrisa og nedgangen i seinmellomalderen, fram til oppgangen som byrjar å visa seg etter midten av 1500-talet.
 

Same forma heldt seg fram til nyare tid

Seinmellomalderen har neppe vore innovasjonsperiode, og det kan vera all grunt i til å rekna med at langhustradisjonane frå mellomalderen, det funksjonsdelte fleirromshuset, slik vi kjenner det frå Høybøen og Lurekalven, har halde seg fram til nyare tid. Langhusformer frå 1600- og 1700-talet i Nordhordland tyder nettopp på dette. Mange av dei husa som lokalhistorikaren Johan Litleskare samla tilfang om, viser bakover mot 1500-talet.
 

Share to